Vanylven er med i God Helse partnarskapen i Møre og Romsdal
God Helse-programmet er ei felles satsing mellom kommunane og Møre og Romsdal fylke. Dette er ei satsing på å betre helsa til innbyggjarane. Målet er at flest mogleg lever eit godt liv og meistrar sin eigen livssituasjon. Satsinga skjer gjennom partnarskapsavtale og i samarbeid med kommunar, skular, frivillege organisasjonar og offentlege etatar.
Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, skule, arbeid og fritid. Ved langsiktig satsing og bevisstgjering er det mogleg å påvirke desse forholda til beste for innbyggjarane også i Vanylven.
Arbeidet for ei betre folkehelse bygge på ei nasjonal satsing (Folkehelsemeldinga) og har fem hovedsatsingsområde:
- Auka fysisk aktivitet
- Betre psykisk helse
- Sunnare kosthald
- Redusert bruk av tobakk
- Ein ansvarleg rusmiddelkultur
Til å koordinere arbeidet i Vanylven er Gry Janne Bringsvor tilsett som Folkehelsekoordinator i 50% stilling frå 1.oktober 2007. Ho er helsesøster og er også tilknytta skulehelsetenesta i kommuna.
Folkehelsearbeidet skal forankrast i alle avdelingar i kommuna og vil såleis ha ei styringsgruppe der rådmann og kommunalsjefar er med.