Psykiatrisk sjukepleie er ei teneste som skal gi støtte til personar som har psykiske vanskar og som treng oppfølging i kvardagen, der ein kan forvente at ein blir møtt på ein respektfull og høfleg måte, og at ein får hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
Psykiatrisk sjukepleie i Helse- og sosialtjenesta skal vere eit lavterskeltilbod og vere lett tilgjengeleg, fordi det fins i brukaren sitt nærmiljø.Tilbodet skal opplevast som ”ufarleg” av brukaren, og det bør vere eit tilbod som er tilpassa brukaren sitt behov.
Alle som søkjer får raskt tilbod om samtale. Stillinga som psykiatrisk sjukepleiar er underlagt Avd Forebygging og rehabilitering.
Psykiatrisk sjukepleiar har teieplikt etter Lov om sosiale tenester §8-8, og Forvaltningslova §13-13c.
Tenesta er gratis.

Dei ulike tenestene vi tilbyr finn du meir informasjon om via lenkene til høgre.
Ellrs kan du finne mykje nyttig info på Sosial- og helsedirektoratet sin nettside www.psykisk.no