Om kommunen
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre. Vanylven har ca. 3.500 innbyggarar, areal 366 kvadratkilometer. Kommunen har godt utbygd offentlege tenester og gode tilhøve for friluftsliv. Vi har eit aktivt kulturliv og gode tilbod for varierte idrettsaktivitetar, m.a. ein ny fleirbrukshall. I kommunen er det vidaregåande skule. Kommunen består av fleire bygder. Dei større bygdene er Rovde, Syvde, Eidså, Åram, Fiskå, Sylte og Åheim.
Administrasjonsstad er Fiskå.
Reiseavstand innafor 1 time til ”bygdebyane” Ulsteinvik, Ørsta, Volda, Nordfjordeid og Måløy.
Fred og ro er ofte mangelvare i vår hektiske kvardag.
I Vanylven har du eit mangfald du ikkje finn mange andre stader. Fiskerike fjordar, fjell med mange turmogelegheiter, flotte landskap og bygder - og ei rekkje attraksjonar i Vanylven eller i nær reiseavstand. I Vanylven får ein opplevingar utanom det vanlege. Her kan du dyrke dine interesser, og kanskje til og med finne nye.
Vanylven er ei lita perle på Sunnmøre, omhylla av vakre fjordar og fjell.