Gå til hovedinnhold
Våpenskjold
VANYLVEN KOMMUNE Tlf. 70 03 00 00 Send mail
Gjest
Framsida > Skip Navigation LinksTenesteområde > Alle tenester frå A til Å Gå til hovedinnhold
Teneste 

Overformynderiet

Gratis

1. Tenestedefinisjon

  • Overformynderiet skal sjå til at personar som ikkje sjølve kan ta vare på sine eigne interesser får hjelp til dette.
  • Til hjelp i slike situasjonar nemner Overformynderiet saman med skifteforvaltaren (skifteretten) opp verje, hjelpeverje eller setteverje til å vere rettsleg og økonomisk fullmektig for den hjelpetrengjande.
  • Overformynderiet rettleier og fører tilsyn med verjene.

2. Kven kan nytte tenesta?

  • Tenesta gjeld mindreårige, altså personar under 18 år, personar som er umyndiggjorde og personar som er myndige, men av ulike fysiske eller psykiske årsaker ikkje kan take vare på sine rettslege eller økonomiske oppgåver.
  • Søkjar om å få oppnemnd verje kan utanom den hjelpetrengjane sjølv, vere ektefelle, foreldre, myndige barn/barnebarn, søsken, svoger/svigerinne eller tilsynslege ved helseinstitusjon der den hjelpetrengjane er innlagt.

3. Korleis få tenesta?

  • Ved å vende seg til Overformynderiet og be om å få tilsendt søknadsskjema.

4. Kva omfattar tenesta?

  • Tenesta omfattar oppnemning av verjer, hjelpeverjer eller setteverjer ut frå det behovet som ligg føre, samt rettleiing og tilsyn med dei oppnemnde. Jfr. pkt. 2, første lekken.

5. Kva kan eg forvente av dei tilsette?

  • Overformynderiet vil gje råd og rettleiing når ein situasjon ligg føre der oppnemning av verje kan vere aktuelt.
  • Overformynderiet vil føre tilsyn med og rettleie verjene.

6. Kva kostar tenesta?

  • Tenesta er gratis.

7. Heimelsgrunnlag for tenesta?

  • Lov av 22.04.1927 om Vergemål for umyndige.

8. Når ting ikkje fungerer?

  • Ta kontakt med Overformynderiet

9. Klage

  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal er tilsynsmyndighet og klageorgan. Klage vert å sende Overformyndieriet.

10. Skjema:

  • Jfr. pkt. 3

11. Praktiske opplysningar

  • Overformynderiet har to medlemmer med varamedlemmer.
  • Den eine av overformyndarane er forretningsførar, og førebur og klargjer dei sakene som skal til behandling. Avgjerd i saker vert gjort av begge overformyndarar i fellesskap.
  • Overformynderiet sitt rekneskap vert ført av kommunen si økonomiavdeling.
  • Revisor er Søre Sunnmøre kommunerevisjon.
  • Desisjon av rekneskapen vert gjort av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.


Teneste - info 
Lena Marie Landsverk Sande 03.01.2008 Tips ein venn Tilbakemelding Skriv ut
 
Rediger