Gå til hovedinnhold
Våpenskjold
VANYLVEN KOMMUNE Tlf. 70 03 00 00 Send mail
Gjest
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
View Part 

Open spørjetime i kommunestyret

Kommunestyret vedtok i møte 21.06.04 - sak 50/04 å innføre open spørjetime i kommunestyret. Reglementet vart revidert i kommunestyret 06.03.06 – sak 15/06 og lyder no slik:

Det vert halde inntil 30 minuttar med offentleg spørjetime rett før kommunestyret si ordinære saksbehandling startar.

Alle innbyggarar i kommunen kan stille spørsmål.

Spørsmåla skal vere forelagt ordføraren skriftleg seinast 1 time før møtet. Spørsmålet vert lese opp av spørsmålstillaren eller ein på vegne av spørsmålstillaren. Ordføraren avgjer om han sjølv eller rådmannen svarar.

Spørsmåla må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggarar. Personlege saker, og saker som etter lov skal behandlast for stengde dører, kan ikkje takast opp.

Dersom det ikkje ligg føre spørsmål ved møtestart, går spørjetimen ut.

Bruk lenka til høgre for å registrere spørsmål.

-------

Møta startar normalt kl. 09.00.

Info 
Johan Aasen 21.11.2007 Tips ein venn Tilbakemelding Skriv ut
 
Artikkel - rediger