2. gongs utlysing - Ledige stillingar for førskulelærarar - Søknadsfrist 15.06.12
Vanylven kommune ønskjer søkjarar med rett kompetanse til stilling som pedagogisk leiar ved barnehage. Det er ledig inntil fire heile stillingar for tilsetting frå 01.08.2012 med arbeidsstad p.t. Rovde, Åram og Åheim barnehagar.
Stillings-ID: 250
1. Pedagogisk leiar i barnehage.
Krav og ynskje til stillingane:
Til stillingane ynskjer vi positive, strukturerte og resultatbevisste førskulelærarar som kan vere pådrivarar og støttespelarar i arbeidet for barnehagetilbodet. Vi ynskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og evne til å skape eit godt miljø.
Arbeidsoppgåver:
Pedagogisk leiar har ansvaret for den daglege pedagogiske verksemda på avdelinga og skal sjå til at verksemda vert driven etter dei lover og føresegner som til ei kvar tid gjeld.
Det er utarbeidd instruks for stillinga.
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning.
Kontaktperson: Brit Irene Kvamme; 70030033
Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema som du finn på heimesida.
CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.
Felles for alle stillingane er at dei som vert tilsett må levere godkjend politiattest.
I søknaden kan arbeidsstad prioriterast.
Rådmannen