Tilpassingstilskot frå Husbanken 2012.

No er det høve til å søkje kommunen om tilpassingstilskot igjen.
I 2012 har Husbanken tildelt Vanylven kommune kr. 200.000,- som skal bidra til at bustaden blir betre eigna til å ivareta behov for personar med nedsett funksjonsevne. Det blir lagt vekt på at nokon i husstanden har behov for spesialtilpassing for å kunne bli buande i bustaden over tid. Leigetakarar kan også søkje. Tilskotet kan dekke godkjende tilpassingskostnader.
Ordninga er sterkt behovsprøvd, og kan gis til til enkeltpersonar/husstandar med varig lav inntekt som ikkje er i stand til å betjene nødvendig lån til eigna bustad.
Søknad om tilskot skal sendast til kommunen og søknadsskjema får du på servicetorget eller du finn det til høgre.
Det er ikkje fastsett søknadsfrist, men søknadene blir handsama fortløpande.
Ved spørsmål kontakt Berit Slagnes Takseth, tlf 70030000, berit.takseth@vanylven.kommune.no