Klimaplan for Vanylven 2010 - 2015 på høyring til 19.august
Alle kommunar skal ha ei klimaplan, der målet er å redusere utslepp av klimagassar. Planen kartlegg utfordringane og potensialet for forbetringar i kommunen på dette området. Planen ligg ute til høyring i 6 veker.
Klimaplanen vil inngå i planverket til kommunen som kommunedelplan og vert å rullere kvart 4. år. Første rullering vil vere i 2015.
Vi har ei von om at planen er lesarvenleg også for næringsliv og innbyggarar, og at desse gjennom samarbeid med kommunen vil medverke til ein sams innsats for klimautfordringane framover.
Høyring er i tida 8.7. - 19.08.2010. Merknader skal sendast skrifteleg til Vanylven kommune, Rådhuset, 6143 Fiskåbygd eller til postmottak@vanylven.kommune.no