Gå til hovedinnhold
Våpenskjold
VANYLVEN KOMMUNE Tlf. 70 03 00 00 Send mail
Gjest
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
View Part 

Siem Offshore viktige for Vanylven

Ordføraren har teke initiativ til eit dialogmøte med SIEM Offshore og statssektretær Rikke Lind i Nærings- og handelsdepartementet (NHD).

Click here to return to start pageMålsetnaden med møtet er å gjere greie for den prekære situasjon Vanylvssamfunnet har hamna i når over 30% av dei private kompetansearbeidsplassane i kommunen ser ut til å bli fjerna. Han har saman med rådmannen utarbeidd eit utkast til virkemiddelpakke som grunnlag for drøftingar med statlege styresmakter og bedriftsleiinga. –Heile tida med eit utviklingsfokus for Vanylven og regionen, og med respekt for dei roller og mandat dei ulike partane har i denne saka.

Basert på drøftingane i dialogmøtet skal kommuneleiinga også møte Kommunal- og regionaldepartementet i Oslo ved statssekretær Jan Erik Bartnes saman med NHD og SIEM Offshore. –Saka er av nasjonal interesse og statsrådane i begge departement har bede om å verte haldne orientert om utviklinga, seier Helgøy.

Han ser fram til å treffe beslutningstakarar frå statleg hald og i SIEM-konsernet. –Målet er å kome styrka ut av dette i eit langsiktig perspektiv, seier han

Einar Vik Arset


Info 
Lena Marie Landsverk Sande 07.08.2009 Tips ein venn Tilbakemelding Skriv ut
 
Artikkel - rediger