Samferdselsrådgjevar
Kommunestyret handsama i møte den 26.11.07 – sak 144/07 . Følgjande vedtak vart fatta: Kommunestyret stiller seg positive til å engasjere Svein Gjelseth som rådgjevar i ei toårig prosjektstilling for Vanylven kommune. Prosjektstillinga vert finansiert av dei statlege omstillingsmidlane, og blir lagt organisatorisk under rådmannen.
Kommunen er av fylke og stat oppmoda om å nytte dei tildelte 25 million til ekstraordinære og tidsavgrensa tiltak, vise mot og kreativitet til å satse. Det skal vere omstillingstiltak som ein har tru på vil styrke næringslivet og busettinga, tiltak som viser nytenking og som er godt forankra i planverk.
Kommunestyret vedtok i mai 09 å vidareføre prosjektstillinga i samferdsel til ut 2013 med finansiering frå omstillingsmidlane eller andre finansieringsordningar utanom driftsbudsjettet. Ny samferdslerådgjevar i kommunen er Per Brandal.
|
|
|
|